NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English






















 

 
   RSS-feed RSS



Kven skal ta seg av far?


28.02.2013

I kor stor grad er det rimeleg å forventa at barn vil kunne ta omsorg for eigne aldrande foreldre i åra som kjem? Dette er temaet i Trude Nergård sin kronikk i Klassekampen 18. februar.


I media og i det politiske ordskifte blir det ofte formidla eit inntrykk av at innvandrarar frå ikkje-vestlege land er særskilt flinke til å ta seg av sine gamle foreldre. Ikkje sjeldan er underteksten at dette står i kontrast til majoritetsbefolkninga. Men er det slik?

I 2009 gjorde eg ein studie av unge frå Vietnam, Sri Lanka og Pakistan si haldning til å hjelpe aldrande foreldre. Viljen til å stille opp for mor og far var overveldande. Informantane var under 35 år, men fleire var allereie engasjert i å hjelpe foreldra med alt frå husarbeid, fylgje til lege og offentlege etatar, til omsorgsoppgåver.

Kva innstilling har so etnisk norske til å hjelpe sine foreldre? Er det slik som mange av dei unge innvandrarane meinte; at nordmenn ikkje bryr seg særleg om sine gamle foreldre, men let dei sitje åleine eller sender dei på sjukeheimen så snart dei får høve til det? Resultata frå den førre studien gjorde meg nyfiken.

Trude Nergård, foto: H. Dyb, NOVA
I kronikken hevdar Nergård at sjølv om om viljen til å stille opp for aldrande foreldre er stor og utbreidd, kan ikkje det offentlege forvente at barn skal ta større omsorg for aldrande foreldre enn dei gjer i dag.
 

Vel midtvegs i studien «Moderne (for)eldreomsorg», der eg intervjuar 30 etnisk norske menn og kvinner mellom 40 og 50 år med foreldre i live, kan resultata oppsummerast slik: viljen til å stille opp for aldrande foreldre synest å vere stor og utbreidd.

Gjennomgangstonen i samtalane og formuleringa som intervjupersonane sjølv ofte bruker, er at barn har ei moralsk plikt til å hjelpe. Det er ein tendens i den offentlege debatten at innsatsen frå pårørande i eldreomsorga er meir påakta no enn før.

Det gjeld også i utreiinga «Innovasjon i omsorg» (NOU 2011:11). Mykje av denne innsatsen dreier seg om foreldreomsorg. Utvalet bak utreiinga påpeikar likevel at i framtida må mykje bli annleis: Samfunnet står overfor store utfordringar dei neste tiåra. Fleire eldre treng hjelp, samstundes som det skortar på friviljug innsats og helse- og omsorgspersonell.

Svaret på denne ulukkelege kombinasjonen er ifølgje utvalet å skape ein ny, moderne pårørandepolitikk som. Den skal byggje på likestilling mellom kjønna, verdsetting og synleggjering av dei pårørande sin innsats og større fleksibilitet i arbeidslivet. Bodskapen er klår: dei pårørande sin innsats må intensiverast.

Men kor mykje er det å hente på ein ny pårørandepolitikk? Kor langt er mellomgenerasjonen i majoritetsbefolkninga villig til å strekkje seg for å hjelpe gamle og skrøpelege foreldre? Undersøkingar viser at norske barn vanlegvis får hjelpetrengjande foreldre fyrst i 50-60- årsalderen. Foreldra til 40-50-åringane eg snakka med er stort sett sjølvhjelpte, men ikkje alle.

Sjølv om dei verkeleg tunge hjelpebehova for dei fleste soleis høyrer framtida til, er ein god del av informantane allereie engasjert i omsorga for mor og far. Langt over halvparten har foreldre som bur aleine. Då er ofte eit ekstra tak til vedlikehald eller tungt husarbeid kjærkomen. Det same gjeld emosjonell støtte eller eit litt vakent blikk for mor eller far sine sosiale behov.

I vårt moderne, norske samfunn har velferdsstaten tatt på seg ansvar for mangt og mykje, inkludert dei mest tyngande oppgåvene i eldreomsorga. Samstundes har velferdsstaten påført familien nye oppgåve. Familien blir i stadig større grad involvert i felles omsorgsyting for dei eldre, saman med velferdsstaten. Det fører på den eine sida til gråsoner av overlapp mellom dei to instansane, på den andre sida til område der ansvarsdelinga mellom dei to er diffus og uklår.

Jørgen sin situasjon er døme på det fyrste. For nokre år sidan blei mor hans hardt skadd i ei ulukke og flytta på sjukeheim. Jørgen besøker ho jamleg, oftast to gongar i veka. Mellom anna hjelper han mor si med praktiske ting: Gardiner skal skiftas vår og haust, golvteppet som ho eigentleg ikkje har lov å ha, må bankast. Ved høgtidar, særleg før jul, skal rommet dekorerast og stjerne hengast opp. Ofte tar han med seg ekstra god mat og plasserer i kjøleskapet. «Vi gjer det som det offentlege ikkje kan gjere, vi krydrar tilveret hennar», oppsummerer han.

Odd er døme på det andre. Fem gongar i veka er han innom  foreldra sine, som bur vel fem kilometer unna. Det må han, synst han, sjølv om dei får både heimeteneste og dagleg heimesjukepleie. I tillegg til å sjå til dei, køyrer han dei til legen og til undersøkingar på sjukehuset som ligg ein time unna. Dei siste to åra har foreldra skranta så mykje at Odd ikkje lenger føler han kan dra på ferie. Denne sommaren let det seg likevel gjere fordi far hans fekk eit korttidsopphald på sjukeheimen.

Det går eit skilje mellom hjelp som kan ytast no og då, og hjelp som må utførast dagleg. Dreier det seg om det sistnemnde, oppstår det fort problem for hjelpeytaren. Alle eg snakka med, melder i alle fall pass. Odd er helt klår på at det han yter er det meste han kan bidra med. Ved ytterlegare hjelpebehov, må det offentlege overta.

Kjersti er av bondeslekt og meiner ho har ein rik tradisjon å ta vare på når det gjeld foreldreomsorg. Ho hugsar godt at besteforeldra budde i kårstua på garden. Sjølv har ho og familien slått seg ned ti minutts køyretur unna foreldra hennar. No er faren alvorleg sjuk. «Eg veit eg kjem til å strekkje meg langt for å hjelpe», seier ho. Men å ta ansvar for daglege oppgåver kan ho ikkje tenkje seg: «Det krev for mykje og er umogleg å kombinere med mitt eige liv. Det må vere det offentlege sitt ansvar», konkluderer Kjersti.

At utvalet bak utreiinga «Innovasjon i omsorg» ivrar etter å tenkje nytt om pårørandeomsorga, inkludert foreldreomsorg, er fint. Det er noko mange er oppteken av og praktisk engasjert i. Resultata av studien min tyder på at mellomgenerasjonen er ope for å gjere ting på nye måtar om det kan gagne foreldra og ikkje fører til urimelege krav til dei sjølv.

Men å forvente at ein ny pårørandepolitikk skal føre til at vaksne barn tek på seg plikter som dreier seg om pleie eller å skjøtte skrøpelege foreldre sine daglege hjelpebehov, er det ikkje grunnlag for. Føresetnaden for samfunnskontrakten «alle mann og kvinner i arbeid» er at det offentlege tar ansvaret for desse oppgåvene.

Kronikk av Trude Nergård, NOVA. Publisert i Klassekampen 18.02.2013

Les mer om aldersforskinga ved NOVA 







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Conference: Shifting to post-crisis welfare states in Europe?
Internasjonal sommerskole om velferdsstaten
Vis flere




© NOVA 2013

Produsert av 07 Web