Torsdag 23. august starta ein tre dagar lang konferanse med internasjonale forskarar frå heile verda i Oslo. Tema er "Welfare States Facing Global Turbulence, Ageing and Migration" og NOVA er arrangør.
Det er den årlege konferansen til International Sociological Association Research Committee on Poverty, Social Welfare and Social Policy RC19.
Konferansen blei opna av arbeidsminister Hanne Bjurstrøm, som understreka kor viktig kampen mot fattigdom er, også her i Noreg. Ho utfordra dessutan forskarane; ho ønskjer seg meir forsking om blant anna fattigdomsdefinisjonar og om kva virkemiddel som verkar i kampen mot fattigdom.
150 internasjonale forskarar er samla på Økern i Oslo dei neste tre dagane, og dei skal presentere og diskutere over 90 papers. I tillegg er det hovudinnlegg av dei høgt akta forskarane Fiona Williams og Shireen Hassim.
Du kan lese heile programmet på www.nova.no/rc19oslo
Kontaktpersonar for konferansen: informasjonsrådgjevar Nina Eriksen (nina.eriksen@nova.no) eller forskar Mi Ah Schøyen (miah.schoyen@nova.no).
Tips en venn