NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English






















 

 
   RSS-feed RSS



Populær debatt om den nordiske velferdsmodellen


01.08.2012
Skrevet av: Halvard Dyb

Bjørn Hvinden var ein av deltakarane da Nordens Velferdssenter og Nordisk Ministerråd skipa til debatt om den nordiske velferdsstaten under den årlege Almedalsveka i Visby på Gotland.  


Den nordiske velferdsmodellen er beundra av mange og har sterk tverrpolitisk støtte. Men kva er modellens kjerne i 2012, og kvar går dei politiske og ideologiske skiljelinene? Dette var temaet da Nordens Velferdssenter og Nordisk Ministerråd inviterte til ein av dei mest populære debattane i Almedalen på Gotland. 

Bjørn Hvinden, forskingssjef ved NOVA, og leiar for REASSESS, deltok i debatten saman med mellom anna Per Schlingmann, Moderatanes sjefsstrateg, Eva Cooper, prosjektleiar for Velferd på Timbro, Annelie Nordström forbundsordførar for Kommunal, och Mikael Damberg, gruppeleiar for Sosialdemokratane i Riksdagen.

Kva må til for å redusere arbeidsløysa? 
I debatten sa Hvinden mellom anna at for å redusere arbeidsløysa, så må ein bli flinkare til å nytte dei lovane som er skipa til for å motverke diskriminering av innvandrarar og deira barn. Samstundes må ein også gjere meir for at personar med nedsett funksjonsevne kan hevde seg på arbeidsmarknaden.

Offentleg sektor i Noreg og Sverige
Det er stor skilnad på korleis den offentlege sektoren har utvikla seg i Noreg og Sverige, hevda Hvinden. Mellom anna har ein i Sverige mange store private selskap, noko ein ikkje har i Noreg. 

Les meir om debatten på Nordisk Ministerråd si heimeside.

Almedalsveka
Almedalsveka, også kalla politikarveka, blir skipa kvart år i Visby på Gotland, og representantar frå dei politiske partia i Sverige samlar seg der for å diskutere politikk.







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Conference: Shifting to post-crisis welfare states in Europe?
Internasjonal sommerskole om velferdsstaten
Vis flere




© NOVA 2013

Produsert av 07 Web