Aktuelle søkjarar kan vende seg til NOVA for meir informasjon om prosjektet.
Til den utlyste stipendiatstillinga blir det kravd avlagd mastergrad i sosiologi eller pedagogikk eller tilsvarande. Eit anna krav er gode kvalifikasjonar i kvantitativ analyse; samtidig er det ønskjeleg med erfaring med / kjennskap til kvalitative analysar. I tillegg er det ønskjeleg med fagleg fordjuping og interesse for forsking om utdanning og sosial reproduksjon/utjamning.
Det er eit krav at den tilsette stipendiaten blir teke opp ved eit godkjend doktorgradsprogram ved universitet/høgskule og at stipendiaten i den samanheng utarbeider ei prosjektskisse i tråd med opplæringsinstitusjonen sine krav og prosjektet SAFETY–VET.
Stipendperioden er på 4 år med 25 % pliktarbeid. Effektiv stipendtid er dermed 3 år.
Stillinga blir lønt etter statens lønnsregulativ, lønsramme 20. Startløna er ltr. 49 (pt. 398 000), med opprykk eitt til to ltr. kvart år. Det fjerde året vil løna vere ltr. 54 (pt. 433 100). Det blir trekt 2 % til Statens pensjonskasse.
Send søknad med CV elektronisk til NOVA på www.nova.no. Andre papir skal berre sendast på oppmoding.
Ytterlegare opplysingar ved forskingsleiar Anders Bakken, (tlf. 22 54 12 16, e-postadresse: anders.bakken@nova.no) eller prosjektleiar Kristinn Hegna (tlf 22 54 12 20, e-postadresse: kristinn.hegna@nova.no)
Søknadsfrist er 13. desember 2011.
Tips en venn