Formålet med prosjektet er å kartleggje faktorar som påverkar pensjoneringsavgjersler og pensjoneringsåtferd hjå eldre yrkesaktive. Det er fire hovudspørsmål som forskarane søkjer svar på:
- Korleis påverkar faktorar på arbeidsplassen, som leiing, organisasjon, kolleger, arbeidsoppgåver, arbeidsmiljø og eventuelle tilpassingar til seniorarbeidskraft, pensjoneringsavgjersler og pensjoneringsåtferda?
Korleis påverkar faktorar utanfor arbeidsplassen, som familieforhold, sosiale relasjonar, og individuelle forhold, som helse, arbeidsevne, sosial identitet, motivasjon og fritidsaktivitetar, samt kjenneteikn ved pensjonssystemet slik den enkelte opplever det, pensjoneringsavgjerlser og pensjoneringsåtferda? Korleis stemmer avgjersler overeins med den faktiske åtferda?
- Korleis tenkjer eldre yrkesaktive rundt tidleg og sein pensjonering og kva som skal til for å fortsetje lenger enn dei i utgangspunktet har tenkt eller avgjord?
- Kva tydar næreste leiars haldningar og åtferd når det gjeld å pensjonere seg tidleg eller seint, og kva rolle speler kvaliteten på relasjonen mellom leiaren og den tilsette?
- I kva grad er pensjoneringsprosessen og dei faktorane som påverkar avgjersler og åtferd, ulik for menn og kvinner?
Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger og NOVA, der UiS er prosjektansvarleg og Trude Furunes er prosjektleiar, med Reidar J. Mykletun som medarbeidar. Deltakarar frå NOVA er Per Erik Solem og Viggo Nordvik.
Prosjektet brukar ein kombinasjon av kvantitative og kvalitative metodar. Paneldata frå NorLAG-undersøkinga utgjer hovudtyngda i den kvantitative delen, medan eldre tilsette og leiarar i fire verksemder blir intervjua årleg. Eldre yrkesaktive personar blir dermed fulgt gjennom pensjoneringsprosessen både i den kvalitative og den kvantitative delen av prosjektet. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd med 5 millionar kronar fordelt over ein fireårsperiode frå 1. august 2010.
I 2007 opprettet Forskningsrådet Program for forsking om årsaker til sjukeefråvere og utstøyting frå arbeidslivet (SYKEFRAVÆR). Programmet er ei langsiktig satsing som skal gå over 10 år fram til 2016.
Les meir om NOVAs forsking om trygd og sosialpolitikk
Les meir om NOVAs aldersforsking
Kontakt Per Erik Solem for meir informasjon om prosjektet
 Per Erik Solem |
 Viggo Nordvik
|
| |
|
Tips en venn