Noreg er eit høgt utvikla velferdssamfunn, og dei seinare åra har det vore ein kraftig vekst i det offentlege tenestetilbodet knytt til omsorg for barn. Veksten i tilbodet er sterkt prega av dominerande normative haldningar kring kjønn og sosial likskap i samfunnet. Trass i ei offentleg barnehagedekning på 84 prosent (i 2007), har talet på au pairar frå utlandet auka kraftig dei seinare åra, særleg frå Filippinane.
 |
| Ragnhild Sollund |
I ein ny artikkel i European Journal of Women´s Studies, skriv Ragnhild Sollund om kvifor norske familiar vel å tilsetje au pairar, og kva slags røynsler dei har med ordninga.
Artikkelen har eit spesielt fokus på spenninga som oppstår i ein egalitær stat når det blir etablert ein praksis med å tilsetje hjelp i heimen. Fokuset er retta mot konteksten og dei vurderingane som ligg til grunn for tilsetjing av au pairar i Noreg. Ho ser mellom anna på korleis familiar legitimerer bruk av au pairar i eit samfunn der det å tilsetje hjelp i huset generelt sett ikkje er sett på som særleg positivt.
Familiane legetimerer bruk av au pair ved å seie at det ikkje handlar om å selje ut omsorgsoppgåver, eller ved å profesjonalisere relasjonen. Dei kallar det "mikrobistand". Dei legg vekt på at formålet med au pair-ordninga er kulturell utveksling, noko som inneber at dei og au pairen skal ha ein form for familierelasjon.
Artikkelen konkluderer med at au pair-innvandringa tener til å senke dei barrierane norske familiar har for å tilsetje hjelp i heimen. Slik sett medverkar denne praksisen til å utfordre forventningar i det norske samfunnet knytt til sosial egalitet og kjønnslikestilling.
Artikkelen er basert på forsking finansiert av NFRs frie midlar.
Kjelde: Sollund, R. (2010).
Regarding au pairs in the Norwegian welfare state.
European Journal of Women`s Studies, 17(2):143-160
SAGE Publications
Les meir om forskinga til Ragnhild Sollund
Tips en venn