NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

   RSS-feed RSS



Illphoto:sweetchild(c) sxc
Stadig fleire norske familiar tilset au pairar


05.05.2010

Stadig fleire norske familiar vel å tilsetje utanlandske au pairar, trass i at det har vore ei kraftig auke i utbygginga av den offentlege barnehagedekninga dei seinare åra. Dette er temaet i ein ny artikkel frå NOVA-forskar Ragnhild Sollund.


Noreg er eit høgt utvikla velferdssamfunn, og dei seinare åra har det vore ein kraftig vekst i det offentlege tenestetilbodet knytt til omsorg for barn. Veksten i tilbodet er sterkt prega av dominerande normative haldningar kring kjønn og sosial likskap i samfunnet. Trass i ei offentleg barnehagedekning på 84 prosent (i 2007), har talet på au pairar frå utlandet auka kraftig dei seinare åra, særleg frå Filippinane.

/Users/hdy/Desktop/Ragnhild Sollund
Ragnhild Sollund

I ein ny artikkel i European Journal of  Women´s Studies, skriv Ragnhild Sollund om kvifor norske familiar vel å tilsetje au pairar, og kva slags røynsler dei har med ordninga.
Artikkelen har eit spesielt fokus på spenninga som oppstår i ein egalitær stat når det blir etablert ein praksis med å tilsetje hjelp i heimen. Fokuset er retta mot konteksten og dei vurderingane som ligg til grunn for tilsetjing av au pairar i Noreg. Ho ser mellom anna på korleis familiar legitimerer bruk av au pairar i eit samfunn der det å tilsetje hjelp i huset generelt sett ikkje er sett på som særleg positivt. 
 

Familiane legetimerer bruk av au pair ved å seie at det ikkje handlar om å selje ut omsorgsoppgåver, eller ved å profesjonalisere relasjonen. Dei kallar det "mikrobistand". Dei legg vekt på at formålet med au pair-ordninga er kulturell utveksling, noko som inneber at dei og au pairen skal ha ein form for familierelasjon.

Artikkelen konkluderer med at au pair-innvandringa tener til å senke dei barrierane norske familiar har for å tilsetje hjelp i heimen. Slik sett medverkar denne praksisen til å utfordre forventningar i det norske samfunnet knytt til sosial egalitet og kjønnslikestilling.
 
Artikkelen er basert på forsking finansiert av NFRs frie midlar.


Kjelde: Sollund, R. (2010).
Regarding au pairs in the Norwegian welfare state.
European Journal of Women`s Studies, 17(2):143-160
SAGE Publications

 


 

 Les meir om forskinga til Ragnhild Sollund







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Internasjonal boligforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web