Heile 60 prosent av ungdommane i barnevernet i Danmark og Finland er plasserte på institusjon, medan det same talet for Norge er 31 prosent og Sverige 26 prosent. Dette fortel Jens Lunnan Hjort, som har laga ei oversikt som presenterer ny kunnskap og statistikk, nye lovendringar og utgreiingar.
Plasseringsfrekvensen av barn og unge i dei nordiske landa varierer mellom ca. seks og ti per 1000 barn og unge i folkesetnaden. I alle landa utgjer ungdom mellom 13 og 18 år 50-60 prosent av barn og unge som er plasserte utanfor heimen. Denne gruppa er såleis ei overrepresentert klientgruppe i barnevernet i dei nordiske landa, seier Hjort.
Tvangsvedtak
Landa skil seg frå kvarandre når det gjeld kva lovheimlar dei nyttar for å plassere barn og unge utanfor heimen. I dette ligg det mellom anna at landa brukar nokså ulike definisjonar av tvangsomgrepet. I Norge skjer alle langvarige plasseringar etter bindande tvangsvedtak, medan ein i Danmark er mykje meir tilbakehalden med å bruke tvang.
 |
| Jens Lunnan Hjort |
Hjort fortel at ideen om omsorgsovertaking er sentral i samband med langvarige plasseringar utanfor heimen i Norge, Finland, Sverige og på Island. Her blir foreldremakta flytta heilt eller delvis over til statlege og kommunale styresmakter. I Danmark blir det derimot lagt opp til at foreldra held fram med å ha den juridiske foreldremakta, òg ved plasseringar som skjer ved tvangsvedtak.
Aktuelle tema
Andre tema som notatet tek opp er kva rettar barn har i lovar og praksis, privatiseringa som har skjedd innan barnevernet i alle dei nordiske landa dei siste tiåra, satsinga på handtering av ungdom med åtferdsvanskar og vektlegginga av evidensbaserte metodar.
Auga som ser
Det er verdt å merkje seg at korleis ein skal vekte forkjellar og likskapar avheng av kva perspektiv ein tek, seier Hjort. I eit europeisk perspektiv, til dømes, vil barnevernet i dei nordiske landa framstå som ganske like, medan forskjellane blir tydelegare i eit nordisk perspektiv.
Om notatet
Målet med notatet er å presentere oppdatert kunnskap om barnevernet i dei fem nordiske landa. Områda som blir undersøkte er lovgrunnlaget for plassering utanfor heimen, variasjonar i bruk av ulike typar plasseringar, seinare lovendringar og pågåande utgreiingar, ideologiske forskjellar mellom landa og komande utfordringar. Kjelder er i hovudsak tidlegare komparative studiar, dokument og informasjon frå styresmaktene, vitskaplege artiklar og intervju med ekspertar i dei ulike landa. Barne- og likestillingsdepartementet har finansiert prosjektet.
Les meir, last ned gratis eller ting notatet:
NOVA Notat 2/10
Barnevern i de nordiske landen
Av Jens Lunnan Hjort
Kontakt Jens Lunnan Hjort for meir informasjon, tlf. 22 54 12 00
Les meir om barnevernsforskinga ved NOVA
Tips en venn