Mange kommunar har eit ynskje om å skaffe seg betre kjennskap til oppveksttilhøva lokalt. Dette er kunnskap dei ynskjer å nytte både når det gjeld planlegging, og når dei skal fatte vedtak. Veikskapen ved tidlegare kommunale ungdomsundersøkingar har mellom anna vore mangelen på samordning. NOVA er no ein av initiativtakarane til eit nytt felles opplegg for lokale ungdomsundersøkingar, Ungdata, som vil kome både kommunar og forskarar til gode.
Fleire av dei regionale ruskompetansesentra har ein lang praksis med å utføre ungdomsundersøkingar for lokalsamfunn og kommunar. Dette gjeld òg Program for ungdomsforsking (Ungforsk - seinere NOVA), som har gjort dette sidan 80-talet.
Tema som bruk av rusmidlar og tobakk samt ulike formar for kriminell og antisosial åtferd som vald og mobbing har alltid vore ein del av desse undersøkingane. I tillegg har dei i vekslande grad dekka ulike sider ved dei unge sin livsstil og livssituasjon. Her handlar det om forholdet til foreldra, familiens økonomi, levekår, lokalmiljø, trivsel og mistrivsel og skule og utdanning. Andre tema er bruk av fritida til fysisk aktivitet og friluftsliv, organisasjonsdeltaking, IKT-bruk, sosiale nettverk, intimitet og seksualitet.
Vanskeleg å samanlikne
Eit av problema har vore at dei som har utført undersøkingar for kommunane, har nytta eigenkomponerte spørjeskjema. Samstundes har spørjeskjemaene variert frå undersøking til undersøking. Dermed har det ikkje vore like lett å gjere samanlikningar på tvers av undersøkingar. Noko som òg fører til at verdien på desse dataene blir reduserte når det gjeld å trekkje meir generelle konklusjonar, eller å skaffe seg ein oversikt over korleis tilhøva for ungdom er på landsbasis.
Mykje data er samla inn utan at det har skjedd etter nokon samkjøyrd plan som kunne ha heva kvaliteten og nytteverdien av dataene. Med ei slik samkjøyring vil nytteverdien både for lokale brukarar og nasjonale forskingsformål auke. Framfor alt vil ein meir samordna datafangst føre til at dei enkelte kommunane får betre høve til å samanlikne data frå eigne undersøkingar med data frå andre kommunar.
Nytt felles design
Det er difor no under utarbeiding eit nytt felles design for kommunale ungdomsundersøkingar. Spørjeskjemaet er elektronisk basert, men kan også gjennomførast på papir. Det nye spørjeskjemaet har ein fast del, eller grunnmodul, som går igjen i alle undersøkingane. Vidare inneheld spørjeskjemaet ei rekkje emne eller enkeltspørsmål som kommunane kan velje fritt i ut frå interesse og behov. Alle undersøkingane vil bli knytt opp til ein felles database, slik at det skal vere lett å samanlikna. Kommuneforlaget vil drifte databasen, som vil vere ein «Ungdataportal» med tilgang via portalen bedrekommune.no, som dei fleste norske kommunar abonnerar på i dag.
Eit fellesprosjekt
Det aktuelle prosjektet er utarbeida i eit samarbeid mellom KS, NOVA og dei fire ruskompetansesentra: Kompetansesenter rus Midt-Noreg, Kompetansesenter rus vest Bergen, Kompetansesenter rus vest Stavanger og Kompetansesenter rus region aust. I tillegg dekkar Barne- og likestillingsdepartementet, Helsedirektoratet og Justisdepartementet dei økonomiske utviklingskostnadene til prosjektet.
Kontaktperson: Tormdo Øia, tlf. 22 54 12 00.
Tips en venn