NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

 
   RSS-feed RSS



R 2/99
Trygd eller arbeid!



Innstramming i rehabiliteringspengane

Forskar Morten Blekesaune ved NOVA har granska kva følgjer det fekk at Stortinget innskjerpa reglane for rehabiliteringspengar i 1993/94. Ein ynskte med dette å avgrense bruken av langvarige sjukmeldingar og i staden satse på attføringstiltak for å få folk ut i lønna arbeid.

Regelinnstramminga gjorde at færre personar fekk rehabiliteringspengar - først og fremst av di ordninga vart avslutta tidlegare enn før. Men kva skjedde vidare?

  • Færre av mottakarane heldt fram med å få ytingar frå folketrygda
    (sjølv om nokon fleire enn før gjekk over til overgangsstønad eller etterlatnepensjon)
  • Nokon fleire enn før gjekk ut i lønna arbeid

Langsiktige verknader er derimot uklåre. Eit par år etter regelinnstramminga var overgangen til trygdeytingar og arbeid om lag som før.

 Rapporten "Innstramming i rehabiliteringspenger" er den tredje og siste frå prosjektet "Innstramming i trygderegler - konsekvensene for utestengtes tilpasninger og velferd", finansiert av Norges forskningsråd.

Les meir om rapporten her







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Tiggerbander og kriminelle bakmenn eller fattige EU-borgere?
Konferanse: Ungdom og likestilling i Norden
Internasjonal boligforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web