"Her lever vi ti år lenger!" seier norske pensjonistar som bur i Spania om vinteren. Det er forskar Anne Helset ved forskingsinstituttet NOVA som har vore på Costa del Sol og intervjua atten slike veteranar. Ho rettar søkjeljoset mot vegen fram til flyttinga til Spania, tilværet som Spania-pensjonist i dag og pensjonistane sine tankar om framtida. Det er pensjonistane sine bilete av Spania ho presenterer.
Smakebitar frå undersøkinga:
Livskvalitet
Helsesvikt er flytteårsak nummer ein. Deretter kjem moglegheita til eit meir vitalt liv enn heime i Noreg, til ei annleis eldretilvære. Her - i Spania - er pensjonistane mykje ute og saman med andre i same alder og livssituasjon - dei meiner det verkar vitaliserande og styrkjande både på humør og velvære.
Sosialt nettverk
Pensjonistane lagar foreiningar som mest kan samanliknast med dei heimlege eldresentra. Her vert det gjort mykje friviljug arbeid. Foreiningane fungerer blant anna som informasjons- og opplæringssenter for det å vere norsk pensjonist i Spania. Foreiningane gjev òg ei kjensle av tryggleik i fall det skulle hende noko uventa under opphaldet.
Usikker framtid
Kva som vil skje med dei dersom dei vert hjelpetrengande, veit pensjonistane ikkje. Sjølv om røynslene deira med spansk helsevesen er gode, og dei tykkjer at dei medisinske tenestene har ein betre standard enn dei norske, så er det lite truleg at pensjonistane vert verande i landet dersom dei vert hjelpe- og pleietrengande. Grunnen til dette, seier dei, er at Spania i lita grad har offentleg eldreomsorg. Mange har heller ikkje så gode språkkunnskapar.
Skuggesider
Heimlengt, keisemd, sakn av nær familie og alkoholmisbruk er fenomen som kan nemnast som moglege skuggesider.
NOVA Skriftserie 2/00
Spania - for helsens skyld
En intervjuundersøkelse blant norske pensjonister på Costa del Sol
Anne Torhild Helset
Tips en venn