NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

   RSS-feed RSS



Illphoto: little girl (c) sxc
Stor variasjon i integrering av flyktningbarn


11.11.2009
Skrevet av: Halvard Dyb

Det er svært stor variasjon i korleis norske kommunar søkjer å integrere flyktningbarn i busettingsfasen. Ein ny studie syner at 72 prosent av dei kommunane som sidan 2006 har busett flyktningar, har skipa særskilte tiltak i arbeidet med integrering av flyktningbarn. Det er tiltak som skal auke sosial deltaking, og tiltak knytt til barnehage og SFO som er dei vanlegaste.

Det er dei norske kommunane som er ansvarlege for å omsetje den statlege integreringspolitikken i praksis. I den ferske studien har Kristin Ystmark Bjerkan sett på korleis norske kommunar handsamar arbeidet med å integrere flyktningbarn i busettingsfasen, og da med eit særleg fokus på integreringstiltak som er sett i verk utanfor dei ordinære ordningane.

Ressursmangel
Ein av tre kommunar som ikkje har sett i verk særskilte tiltak, forklarar dette med manglande ressursar, enten økonomiske eller menneskelege. Like mange forklarar mangelen på slike tiltak med at dei meiner at generelle tiltak og tilbod til barn og unge er tilstrekkelege for å fremje integrering, også av flyktningbarn.

Kristin Y. Bjerkan. Foto: H. Dyb, NOVA

Etterlyser støtte
I studien finn Bjerkan også at mange kommunar har ei kjensle av å stå aleine i arbeidet med integreringa av flyktningbarn. Desse etterspør fleire direktiv og ei meir direkte involvering frå dei ansvarlege styresmaktene, og større fokus på flyktningbarnas behov også innad i kommunen. Nokre kommunar fortel også at det er vanskeleg å vite korleis ressursane til integrering av flyktningbarn, til dømes integreringstilskot, skal nyttast i den enkelte kommune.

SFO og barnehage mykje nytta som tiltak
Til saman deltok 234 norske kommunar og bydelar i den aktuelle studien. Av desse har 156 busett flyktningar sidan 2006. Spørjeundersøkinga synte at store kommunar nyttar særlege tiltak oftare enn små kommunar. Tiltak som skal auke sosial deltaking, og tiltak knytt til barnehage og SFO er mest utbredt. Heile 74 prosent og 83 prosent av kommunane som busett flyktningar og som gjennomfører særlege tiltak, nyttar seg av slike tiltak. Interreligiøse tiltak er minst utbreidd, og blir berre nytta av 12 prosent.

Prosjektet er gjennomført på oppdrag av Redd Barna og er finansiert av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

Les meir, last ned gratis eller bestill rapporten:

NOVA Notat 9/09
Integrering av flyktningbarn.
Norske kommuners bruk av særtiltak.

Kristin Ystmark Bjerkan







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Internasjonal boligforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web