Tiltak iverksette for å sikre kvalitet i heimetenesta gjer det vanskeleg for yrkesutøvarane å møte dei skiftande behova som brukarane har. Dette hevdar forskar Mia Vabø i ein ny rapport frå sosialforskingsinstituttet NOVA.
Rapporten set søkjelyset på ei heimebasert omsorgsteneste kor knappe ressursar skal realisere ambisiøse velferdspolitiske mål. Kvalitetsreformene vert ofte knytte opp til marknadsinspirerte styringsidear. Ideane er forlokkande all den tid dei lovar kvalitet, effektivitet og brukartilpassing. Problemet er at dei ikkje er tilpassa dei omsorgsoppgåvene heimetenesta er meint å ta seg av.
Mia Vabø trekk fram at kvalitetsarbeidet ofte inngår som ein del av kommunane sine forsøk på å avgrense det offentlege omsorgsansvaret. For å sikre best mogleg kvalitet for kvar krone vert det sett på som naudsynt å gjere grundige behovsvurderingar for så å definere kva den enkelte har krav på. For å få til dette satsar kommunane på spesialiserte tingingsteam, bruk av serviceerklæringar, omsorgsplanar og kvalitetsmålingar. Desse instrumenta reflekterer ein sterk tru på at hjelpebehov er stabile og standardiserte.
Yrkesutøvarane som til dagleg møter hjelpemottakarane, gir ei anna framstilling av omsorgskvardagen. Sett frå deira ståstad er hjelpebehov ofte utydelege og skiftande, dei er avhengige av ei rekkje tilhøve som raskt kan endre seg. Førehandsdefinerte oppgåver vert difor utilstrekkelege - ikkje minst overfor dei svakaste brukarane som har ustabil helse og som ikkje maktar å hanskast med avtalar og planar.
For å kunne møte uforutsette behov syter omsorgspersonalet for å mjuke opp styringstiltaka: dei utfører til dømes andre oppgåver enn dei som er planlagde for den dagen. Styringstiltaka vert ikkje så effektive som leiinga hadde tenkt. Og så lenge det er eit sprik mellom det som vert sagt og det som vert gjort, er det ein fare for at ineffektiviteten ved tiltaka ikkje kjem tydeleg fram.
Vabø peiker òg på faren for at moderniseringa kan få andre følgjer enn det ho hadde til siktemål. «Det er ein fare for at eit stort, kostnadskrevjande, byråkratisk apparat vert bygd for å spesifisere, kontrollere og evaluere ei teneste som brukarane i røynda ikkje ønskjer skal vere standardisert,» understrekar ho. «Det er òg ein fare for at vedvarande forsøk på å formalisere omsorgsarbeidet på sikt vil tappe omsorgspersonalet for ansvarskjensle og motivasjon i arbeidet. Vi som forskar på heimetenestene, har lenge sagt at denne typen organisering ikkje fungerer for omsorgstenesta i kommunane.»
Kontakt:
For mer informasjon ta kontakt med Mia Vabø , tlf: 22 54 12 00
Les meir om rapporten her
Tips en venn