NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

   RSS-feed RSS



NOVA Rapport 13/09
Norsk-pakistanske kvinneliv


05.10.2009
Skrevet av: Nina Eriksen

NOVA-forskar Bjørg Moens avhandling «Tilhørighetens balanse. Norsk-pakistanske kvinners hverdagsliv i transnasjonale familier» er no gjeve ut som NOVA-rapport.


I samband med disputasen i 2008 vart Moen intervjua i NOVA-nytt:

- Eg valde meg dette temaet av di eg i fleire år hadde intervjua eldre pakistanske kvinner i samband med forsking om minoritetar i eldreomsorgen, fortel Moen. I heimane deira traff eg òg ofte svigerdøtrane som budde saman med dei, og eg blei nysgjerrig på forholdet mellom svigermor og svigerdotter i pakistanske familiar. Kva forpliktingar har kvinnene mot kvarandre, og kva restriksjonar og handlingsrom gjev familienettverket dei?

Tette familie- og slektskapsnettverk
Det som kjenneteiknar dei pakistanske familiane, er det tette samhaldet og felleskapet. Dette er ikkje avgrensa til å gjelde familien i Noreg, men inkluderer heile slektsnettverket i Pakistan og andre migrasjonsland. Kvinnene har ei sentral rolle i å skape det tette samhaldet, og det at 70 prosent av dei ikkje er sysselsette utanfor heimen, er ein viktig faktor i dette, meinar Moen.

Svigermor og svigerdotter
Forholdet mellom svigermor og svigerdotter er spesiell i pakistanske familiar. Yngste son blir gjerne buande heime hjå foreldra. Når han gifter seg, flyttar kona hans inn, og dermed må svigerdotter og svigermor samarbeide om det meste i heimen. Ofte kjem svigerdottera frå Pakistan gjennom eit arrangert ekteskap som svigermora har spelt ei aktiv rolle i å få i stand. Svigerdøtrene er gjerne ein slektning, eller dei kjem frå ein kjend familie. Sjølv om den inngifta er oppvaksen i Noreg, er ho ofte heimeverande etter at barna kjem.

Tradisjonelt sett er det svigermora som har makta, den autoritære posisjonen, i familien, men ho kan vere både ein ressurs og ei belasting for svigerdottera, fortel Moen. Det er heller ikkje uvant at fleire av barna og familiane deira bur saman med foreldra i generasjonsbustader, og då blir relasjonane meir komplekse. I doktorgradsprosjektet mitt er det desse gifte kvinnene frå to generasjonar eg har intervjua, seier Moen. Eg har konsentrert meg om det trivielle og alminnelige i liva deira, som ofte er usynlege i det norske samfunnet.

Bjørg Moen (c) H. Dyb, NOVA

Bjørg Moen
(c) H. Dyb, NOVA                     

Vise mangfaldet
I media blir kvinnene einsformig framstilt: Biletet er at dei er undertrykte, og at dei har lite handlingsrom innan familien; det er forventa at dei er heime og tar seg av hus og barn. I avhandlinga ønskjer eg å framheve nyansane, å vise fram mangfaldet av kvardagsliv som finst i dei pakistanske miljøa, forklarar Moen.

Dei kvinnene eg har møtt, er alle forskjellige. Nokre av kvinnene er svigermors draum: dei vaskar og styrer heime, nokre tek val som bryt med forventingane familien har, medan andre flytter grenser, dei arbeider eller tek utdanning. Då kan det vere at mor og svigermor tek seg av heim og barn.

Ei endring på gang
Nokre av kvinnene opplev dilemma: korleis kan dei foreta personlege val som strir mot dei etablerte fellesskapsinstitusjonane, samstundes som dei held fram med å vere medlem av familie- og slektskapsnettverka? Eg ser ikkje tendensar til at verken familiesamhald, kvinnefellesskap eller andre norsk-pakistanske fellesskap synest å gå i oppløysing, men dei blir endra, og variasjonsbreidda aukar, avsluttar Moen.

 

Sjå NOVA-nytt nr. 4, 2008 (pdf)

Kontakt Bjørg Moen for meir informasjon: tlf. 22 54 12 00

NOVA Rapport 13/09
Tilhørighetens balanse.
Norsk-pakistanske kvinners hverdagsliv i transnasjonale familier

Bjørg Moen







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Internasjonal boligforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web