Prosjektnr.:62107 Prosjektleder:Tilmann von Soest Prosjektmedarbeidere:Cay Gjerustad Forskningsgruppe:Ungdom Kort presentasjon av prosjektet: I sitt doktorgradsprosjekt set Cay Gjerustad søkjelyset på unge vaksne, deira ønskjer for yrke og utdanning samt psykisk helse. Har dei nådd måla sine, og kva innverknad her dette på den psykiske helsa deira? Hensikta er å studere om ein finn variasjon i psykisk helse som kan førast tilbake til eigne mål for yrke og utdanning. Dersom ein ikkje lykkast med å bli det ein har lyst til, kan det ha negative konsekvensar. Dette er fordi utdanning og yrke både er viktig som ein stadfesting av personlegdom og evner, og fordi det kan vere ein måte å uttrykkje sosial tilhøyrsle på.Prosjektet nyttar det unike datamaterialet Ung i Noreg longitudinell, der om lag 3000 ungdomar har blitt følgde frå 1992 til 2005. Psykisk helse og utdannings- og yrkesønskjer er kartlagde fire gonger frå dei var 13-16 år og til 26-29 år. Prosjeket er finansiert av Helse & Rehabilitering gjennom foreininga Vaksne for barn.
Startdato:01/01-2007
Sluttdato:31/01-2012
Finansiert av:Helse & Rehabilitering, Redd Barna Dr. stipendiat:Cay Gjerustad Hovedveileder:Willy Pedersen
Tips en venn